 |
 |
 |
Arbeids og organisasjonspsykologi - 30 STP, startar i Førde hausten 2010.
Folkeuniversitetet sitt gode samarbeid med UiB held fram og vi er glad for å kunne setje opp att det populære faget Arbeids og organisasjonspsykologi. Oppstart vert 25-26 september 2010. Eksamen vert våren 2011 i Førde. No er prospektet med alle datoane klar, så du kan laste ned produktarket om kurset her.
Dei to andre faga i syklusen er personapsykologi - 15 STP og motivasjonspsykologi - 15 STP. Personapsykologi startar i Førde hausten 2011 og motivasjonspsykologi startar i Førde i januar 2012. Meld deg på her... |
|
Coaching og relasjonsleiing del 1. 15 STP på Eid. Oppstart hausten 2010. Sidan det vart slik ein stor suksess med coachingstudiet på Eid no i vår, set vi på nytt i gong dette populære studiet på Eid, allereie no til hausten. Her kan du laste ned produktarket til kurset. Du kan lese meir og melde deg på ved å klikke her: |
|
Økonomifag i Førde - hausten 2010 og våren 2011 Folkeuniversitetet kan no lansere eit godt og fyldig tilbod innan økonomifag. Tilbodet er særleg retta mot dei som jobbar i rekneskapsbransjen eller som sit med rekneskap i ei verksemd eller ei kommune. Faga er alle på høgskulenivå og vil gje 10-12 STP. Folkeuniversitetet tilbyr desse 4 faga i samarbeid med Høgskulen i Nord-Trøndelag - www.hint.no:
1. ØKA121 Bedriftsøkonomisk analyse m/programvare – 10 STP - oppstart i september 2010. Du kan laste ned produktarket om kurset her. 2. ØKA211 Finansiering og investering – 10 STP - oppstart i oktober 2010. Du kan laste ned produktarket om kurset her. 3. ØKA110B Regnskap – 10 STP- oppstart i januar 2011. Du kan laste ned produktarket om kurset her. ØKA281 skatterett - 12 STP oppstart mest truleg i mars 2010. Du kan laste ned produktarket om kurset her. Klikk her for å melde deg på eit eller fleire av desse faga: |
|
Meisterbrev - etablering og ledelse Økonomi, ledelse og marknadsføring. Undervisninga er på kveldstid ein kveld i veka, tirsdagar 17.30-21.00. Kursstart er tirsdag 7. september2 010. Eksamen mai 2011. Kursstad er Førde (Langebruvegen 2) og Sogndal (Høgskulen). les meir.. |
|
Jus 1. avdeling fulltidsstudie i Førde - hausten'10
Om du drøymer om eit yrke innan Jus, men ikkje heilt tør å ta spranget med å flytte, få store utgifter, og ta opp store studielån, kan du no studere Jus 1. avd. i Førde frå 7. september '10. Studiet vert i samarbeid med UiO og Folkeuniversitetet Vestlandet. Undervisninga vil gå via videokonferanse. Undervisninga vert tirsdagar og onsdagar 08.30-12.00. Det er ledige plassar.
Startdato 7. september kl. 12.00. Meld deg på her... |
|
Kurs på 40 timar i den nye plan og bygningslova - 8-12 november. Fordi Plan og Bygningslova no går gjennom ei større endring, vert det seinhausten 2010, sett opp eit kurs for heile Nordfjordregionen. Innhaldet i kurset vil naturleg nok gå i dybda på alle dei viktige endringane i lov og forskriftar og utdype desse nøye. Folkeuniversitetet ønskjer med dette kurset å leggje til rette slik at verksemdene og kommunane skal vere godt førebudd, relativt kort tid etter at heile lova trer i kraft 01.07.2010. Her kan du laste ned det nye produktarket til kurset. Du kan lese meir og melde deg på ved å klikke her: |
|
Allmenn påbygging i Førde. Etter henvendingar vurderer no Folkeuniversitetet å starte kurs i dei ulike faga frå veke 42. Basert på tilbakemeldingane vi får, startar kursa enten på dag eller kveld. Kursa kan sendast med videokonferanse til andre delar av fylket. E-post kan sendast til fusf@fu.no dersom du er interessert eller har spørsmål.
|
|
TRESKJERING Kurs starta i månadsskifte oktober -november med Rolf Taraldset. Kurset er ope for både nybyrjarar og vidarekomne. Kontakt Turid Sørland på 95 84 62 77 om dette er interessant for deg.
|
|
|