 |
 |
 |
KURSTILBOD I ASKVOLL Folkeuniversitetet kan tilby dei kursa som publikum ønskjer. Om du har ønskje om kurs vi kan skipe til lokalt, ta kontakt med næraste FU-avdeling, eller kontakt fU Sunnfjord, på adresse: fusf@fu.no
|
|
Arbeids og organisasjonspsykologi - 30 STP, startar i Førde hausten 2010.
Folkeuniversitetet sitt gode samarbeid med UiB held fram og vi er glad for å kunne setje opp att det populære faget Arbeids og organisasjonspsykologi. Oppstart vert 25-26 september 2010. Eksamen vert våren 2011 i Førde. No er prospektet med alle datoane klar, så du kan laste ned produktarket om kurset her.
Dei to andre faga i syklusen er personapsykologi - 15 STP og motivasjonspsykologi - 15 STP. Personapsykologi startar i Førde hausten 2011 og motivasjonspsykologi startar i Førde i januar 2012. Meld deg på her... |
|
Økonomifag i Førde - hausten 2010 og våren 2011 Folkeuniversitetet kan no lansere eit godt og fyldig tilbod innan økonomifag. Tilbodet er særleg retta mot dei som jobbar i rekneskapsbransjen eller som sit med rekneskap i ei verksemd eller ei kommune. Faga er alle på høgskulenivå og vil gje 10-12 STP. Folkeuniversitetet tilbyr desse 4 faga i samarbeid med Høgskulen i Nord-Trøndelag - www.hint.no:
1. ØKA121 Bedriftsøkonomisk analyse m/programvare – 10 STP - oppstart i september 2010. Du kan laste ned produktarket om kurset her. 2. ØKA211 Finansiering og investering – 10 STP - oppstart i oktober 2010. Du kan laste ned produktarket om kurset her. 3. ØKA110B Regnskap – 10 STP- oppstart i januar 2011. Du kan laste ned produktarket om kurset her. ØKA281 skatterett - 12 STP oppstart mest truleg i mars 2010. Du kan laste ned produktarket om kurset her. Klikk her for å melde deg på eit eller fleire av desse faga: |
|
Meisterbrev - etablering og ledelse Økonomi, ledelse og marknadsføring. Undervisninga er på kveldstid ein kveld i veka, tirsdagar 17.30-21.00. Kursstart er tirsdag 7. september2 010. Eksamen mai 2011. Kursstad er Førde (Langebruvegen 2) og Sogndal (Høgskulen). les meir.. |
|
Prosjektleiing på Vadheim 6 stp. Folkeuniversitetet har no gleda av å kunne tilby kurs i prosjektleiiing (6 stp) spesielt retta mot Høyangerregionen og Sunnfjord. Studiet gjev deg innsikt i, og forståing av vesentlege sider ved prosjektarbeid og prosjektleiing. Studiet gjev deg og trening i å nytte ulike typar verktøy for å styre og leie prosjekt. Det er eit mål å belyse prosjekt og prosjekt-arbeid ut frå eit strategisk synspunkt. Her kan du laste ned produktarket om kurset. Påmeldinga har starta. Meld deg på her... |
|
Jus 1. avdeling fulltidsstudie i Førde - hausten'10
Om du drøymer om eit yrke innan Jus, men ikkje heilt tør å ta spranget med å flytte, få store utgifter, og ta opp store studielån, kan du no studere Jus 1. avd. i Førde frå 7. september '10. Studiet vert i samarbeid med UiO og Folkeuniversitetet Vestlandet. Undervisninga vil gå via videokonferanse. Undervisninga vert tirsdagar og onsdagar 08.30-12.00. Det er ledige plassar.
Startdato 7. september kl. 12.00. Meld deg på her... |
|
Allmenn påbygging i Førde. Etter henvendingar vurderer no Folkeuniversitetet å starte kurs i dei ulike faga frå veke 42. Basert på tilbakemeldingane vi får, startar kursa enten på dag eller kveld. Kursa kan sendast med videokonferanse til andre delar av fylket. E-post kan sendast til fusf@fu.no dersom du er interessert eller har spørsmål.
|
|
Antikken og middelalderen Kunst- og kulturforelesingar for deg som ønsker å lære meir om desse periodane. Oppstart 4. september. I alt fire samlingar før jul. Kurset vil gå kl 11.00-15.00, laurdagar i Førde og søndagar i Florø. Dette er første del i kunst- og kulturhistoriske forelesingar, som ledar fram til neste sekvens som startar over nyttår. Då vil tema vere renessansen, barokken, klassisismen og romantikken. Forelesar er mag. art. Terje Hauken. Meld deg på i Florø - klikk her: Meld deg på i Førde - klikk her: Her kan du laste ned meir informasjon om dette spennende kurset.
|
|
SPRÅKKURS ! Ønskjer du å lære TYSK eller SPANSK ? Vi tilbyr begynnar- og vidaregåande opplæring, korte eller lange løp. Dei fleste kursa rettar seg mot kommunikativ læring - turist i storby eller ferietid !
|
|