 |
 |
 |
Arbeids og organisasjonspsykologi - 30 STP, startar i Førde hausten 2010.
Folkeuniversitetet sitt gode samarbeid med UiB held fram. Vi er glad for å kunne setje opp att det populære faget Arbeids og organisasjonspsykologi. Oppstart vert i september 2010. Eksamen vert våren 2011 i Førde. Datoane er ikkje klar enno, men det er mogleg å melde seg allereie. Lærarar er m.a Ståle Einarsen, Nils Sortland, Anders Skogstad og Stig Berge Matthiesen. Dei to andre faga i syklusen er personapsykologi - 15 STP og motivasjonspsykologi - 15 STP. Personapsykologi startar i Førde hausten 2011 og motivasjonspsykologi startar i Førde i januar 2012. Meld deg på her... |
|
Innføringskurs i logistikkleiing - 3 separate fag - kvar på 7,5 STP.
For første gong vert det no høgskuleutdanning i logistikkleiing i Florø. Folkeuniversitetet har innleia eit samarbeid med høgskulen i Molde og kan med oppstart hausten 2010, setje i gong følgjande 3 fag i Florø:
1. SCM110 Introduksjon til SCM og logistikkteknologi
2. LOG505 Innkjøpsleiing og forhandling.
3. SCM200 Innføring i Supply Chain Management
Påmelding via linken under. Vel det faget du skal delta på og skriv i kommentarfeltet om du ønskjer å vere med på alle tre modulane. Her kan du laste ned produktarket om kurset. Meld deg på her... |
|
Kurs i teknisk dokumentkontroll i Florø 20 og 21 mars + 10 og 11 april Det vert sett opp kurs i teknisk dokumentkontroll i Florø over to helgar no i vår. Kurset er rekna for personer med grunnleggjande IT-kunnskapar som ønskjer å arbeide som teknisk dokumentkontroller. Kurset omhandlar dei oppgåvene ein dokumentkontroller har i ei bedrift og tek utgangspunkt i den tekniske dokumentasjon ein må forholde seg til; teikningar, skildringar, rapportar, berekninger etc. Foredragshaldarar er røynde folk med bakgrunn m.a frå offshorenæringa. Her kan du laste ned produktarket om kurset.
Påmelding er snart klar på nettsidene.
|
|
Prosjektleiing i Førde 6 stp. Folkeuniversitetet har no gleda av å kunne tilby kurs i prosjektleiiing (6 stp) spesielt retta mot region Sunnfjord. Studiet gjev deg innsikt i, og forståing av vesentlege sider ved prosjektarbeid og prosjektleiing. Studiet gjev deg og trening i å nytte ulike typar verktøy for å styre og leie prosjekt. Det er eit mål å belyse prosjekt og prosjekt-arbeid ut frå eit strategisk synspunkt. Her kan du laste ned produktarket om kurset. Påmeldinga har starta. Meld deg på her... |
|
Varme arbeid, Askvoll Må du av og til i arbeidet ditt jobbe med varme arbeid ? Da må du kanskje ha sertifikat for dette. Ta kontakt med oss for informasjon. Dagskurs med avsluttande eksamen kan gjennomførast på kort varsel. Vis meg kursene... |
|
Varme arbeid. Sertifisering og resertifisering. Kurs startar når det er behov over heile fylket.
Kurs i Florø 27. januar. 2 ledige plassar
|
|
Kurstilbod Askvoll Etter ei stund utan aktivitet vert det no sett opp følgande kurstilbod i Askvoll (med atterhald om nok deltakarar): Barne og Ungdomsarbeidarfaget, teori til praksiskandidateksamen Helsefagarbeidar, teori til praksiskandidateksamen Begge kursa kvalifiserer for rett til lån i Statens lånekasse
Planlagt oppstart januar 2010
|
|
Sertifikatkurs
Folkeuniversitetet har lang erfaring som tilbydar av sertifikatkurs innan truck, traverskran, lift, masseforflytning mm. til konkurransedyktige prisar. Vi jobbar for å få i gong kurs mest mogleg lokalt. Ta kontakt med oss på 57 83 23 18 for avtale om kursdato og stad. Info om kursene... |
|
Samarbeid mellom Folkeuniversitetet og NyKunnskap AS Folkeuniversitetet og NyKunnskap AS har innleiia eit samarbeid for lettare å kunne skreddarsy opplæringstilbod til verksemder i Sogn og Fjordane. Her kan du laste ned meir informasjon.
|
|